Sigrid Moldestad
fredag 8. oktober
21:00 (Dørene åpner kl. 20:15)
Pris: 350,- + avg.
Billetter

Sigrid Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folk, vise -og tradisjonsmusikk. Ho har base i Bergen og har gitt ut fleire plater, både solo og i samarbeid med andre. Ho er plateaktuell i 2021 med sitt sjette album “Tonen i meg”. ( Released 19.02)

Sigrid Moldestad er kjent for sterke fortellerhjarte og ei eiga evne til å berøre publikum anten det er med leikfull kraft eller melankoli, sjølvskrivne viser og tekstar eller feleslåttar. Ho har etter mange år med turnering opparbeidd seg eit trufast publikum som følgjer henne. Saman med musikarane sine opptrer ho like naturlig i gamle løer og naust som på store festivalscener.

Sigrid Moldestad og hennar faste band består av nokre av Norges mest leikne og finaste musikarar. Dei har etter mange år saman utvikla ein stil som kler songene til Moldestad med ein umiskjennelig identitet. Det er leik med sjangre, instrumentering og uttrykk. Musikk kan vere livfull og storslått i eine stunda for å gripe deg til tårer i vakker melankoli den neste. For Sigrid er det like natrulig å dra ein solo feleslått som å rocke på med fullt band og ho opptrer i fleire format, både duo, trio og med band.

Folkemusikken ligg som den viktigaste grunnsteinen i det musikalske, men ho er i tillegg ein artist som oppnår kontakt med publikum på sin personlige måte og fortel historier som grip menneska ho møter. Songar som “Vise til far”, “Eg vil vere her” eller “Så ta mitt hjerte” har gjort ho til ein folkekjær artist mange har nytta ved livets store anledningar.
Sigrid Moldestad vaks opp i den vesle bygda Breim, Nordfjord og vart tidlig introdusert for felemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og har fordjupa seg i tradisjonen frå sitt heimområde.

Ho har motteke 2 Spellemannsprisar og ei rekkje andre utmerkingar, mellom anna Fylkekulturprisen, Rolf Gammlengprisen og Vossajazzprisen, for å nemne noko.


  • Aldersgrense: 18 år
  • Dørene åpner kl. 20:15
  • Konserten starter kl. 21:00

Praktisk info & smittevern på Byscenen