odd nordstoga
søndag 20. november
20:00 (Dørene åpner kl 19:00)
370,- + avg
Billetter

Yes! Odd kommer tilbake! Etter to fantastiske utsolgte konserter i fjor høster gjester han oss igjen.

Det er no eit år sidan albumet ”Dette Landet” kom ut. Med låtar som ”Kunsten å gå”,  ”Diesel og Bensin” og ikkje minst tittel-låten ”Dette Landet”, har dette blitt ein av mine største suksessar til no. Det har vore fulle hus og stormande jubel nær sagt overalt. Tusen takk! Ein fantastisk tur rett og slett. No mønstrar me på turnebussen igjen, og feirar dette albumet, og resten av låtane mine, med ein ”takk for denne gong” avslutningsrunde. Med på lasset kjem også at eg spelte inn nokre låtar heime i akkustisk versjon i vår og no i haust. Dette blei så fint, tykte både katten min og plateselskapet, at me gjev det ut no i november. Plata heiter sjølvsagt ”Aleine heime” og inneheld låtar eg har laga, men som eg ikkje før har spelt inn sjølv, ein coverlåt av fantastiske Lars Winnerbäck og ellers mine eigne akkustiske tolkningar av, nettopp, meg sjølv. Alt ligg til rette for ein musikalsk fullkomen kveld med meg og mitt fantastiske band. Bandet mitt er David Wallumrød på orgel, Tor Egil Kreken på bass, Torstein Lofthus på trommer og Øyvind Blomstrøm på gitar

Det er berre å gle seg til konsert!

Aldersgrense 18 år