Rammsund // Vorspiel til Rammstein
lørdag 25. juli
22:00 (Dørene åpner kl. 21:00)
Pris: 350,- + Avg.
Billetter

Velkommen til tidenes vorspiel på Byscenen med RAMMSUND, dagen før Rammstein-konserten i Granåsen!

Du vert ikkje det største ikkje-engelskspråklege rockebandet i verda, om ikkje musikken og melodiane er feite nok til å stå på eigne bein. Du må med andre ord ikkje skjøne orda til Rammstein. Men då ein kompisgjeng frå Oslo på slutten av 1990-tallet starta å gjere djupdykk i tekstane, skjønte dei at dette måtte verda få med seg! Eller, i kvart fall måtte Noreg få det med seg.

Ei utslite Spynorsk Mordliste og eit par korrekturlesingar av Språkrådet seinare, og dei fyrste Rammstein-låtane på nynorsk var klare, ein vinterdag i 2003. Med breie bein og med ein noko større dose godt humør enn kva metalband gjerne er kjend for, har Rammsund misjonert på vegne av Rammstein og Målsaka.

Det heile kulminerer i høgdepunktet den 25. juli, når Rammsund får æra av å ta med seg effektane til Byscenen og opne ballet for Rammstein, som spelar i Granåsen dagen etter.

Byscenen Trondheim
Dørene åpner kl. 21:00
Showstart kl. 22:00
Aldersgrense: 18 år

NB! Stående konsert.